Intro

Hei og velkommen til min side. Eg håper med tid og stunder at da blir ei hyggelig sida å besøka. Kva som kjem på denne sida kan bli litt av kvart. spørs kva som skjer og kva eg lager.







fredag 8. oktober 2010

Lappeteppe


Lappeteppe


Eg har vore så uheldig å lova eit lappeteppe til sambuaren min. Dette er eit lappeteppe som han skal ha i traileren sin. Til tider så har han overnatting i bilen og ville ha eit fargerikt teppe i bilen som varmer. Byrja i vinter (som sikkert dei fleste huska så var da litt kaldt i vinter) og følte eg hadde veldig god tid, for den skal ikkje bli ferdig før til jul. Fant ut at eg måtte ha sånn ca 100 lapper. No sånn ca 2 mnd før jul så har eg ikkje strikka meir enn ca 60 lapper og føler at tida byrjar å bli litt knapp.

 .

Her vil eg visa nokre av typer lapper eg har strikka.


Her ser man diverse lapper med mønster og perler strikka inn i lapper.








Trur da blir ein utfordring å sy desse sammen. Har aldri laga eit lappeteppe før. Og som man ser så er lappane dessverre i litt forskjellige størrelser. Dette pga. forskjellig tjukkelse på tråden. Sambuaren min har valgt ut dei fleste fargane eg har brukt. Han har engasjer seg voldsomt i dette prosjektet.




1 kommentar:

  1. Wow...dette skal bli eit fargerikt teppe ja...
    Stilig den siste lappen der med perlehjarte...har aldri prøvd å strikke med perler... Er jo litt artig når han engasjerer seg også då, eller....? ;-) Skal i alle fall bli spanande å sjå sluttresultatet her! :-D
    Ha ei flotte helg!
    Klems

    SvarSlett