Intro

Hei og velkommen til min side. Eg håper med tid og stunder at da blir ei hyggelig sida å besøka. Kva som kjem på denne sida kan bli litt av kvart. spørs kva som skjer og kva eg lager.







tirsdag 26. oktober 2010

Halsvarmer

Her om dagen kom eg over ei bloggside der ho viste bilder av ein strikka halsvarmer. Tenkte dette kunne vera noko å prøva og om da blei skikkelig så kunne niesa mi få den.

Oppskrifta fant eg her på Strikkekurven.

Eg brukte eit anna garn enn opplyst i oppskrifta, dermed har min blitt litt annsleis enn originalen.



Eg gjorde ein liten feil, men slikt skjer når man ikkje lese oppskrifta skikkelig, dermed blei tuppane ikkje slik dei burde



fredag 8. oktober 2010

Lappeteppe


Lappeteppe


Eg har vore så uheldig å lova eit lappeteppe til sambuaren min. Dette er eit lappeteppe som han skal ha i traileren sin. Til tider så har han overnatting i bilen og ville ha eit fargerikt teppe i bilen som varmer. Byrja i vinter (som sikkert dei fleste huska så var da litt kaldt i vinter) og følte eg hadde veldig god tid, for den skal ikkje bli ferdig før til jul. Fant ut at eg måtte ha sånn ca 100 lapper. No sånn ca 2 mnd før jul så har eg ikkje strikka meir enn ca 60 lapper og føler at tida byrjar å bli litt knapp.

 .

Her vil eg visa nokre av typer lapper eg har strikka.


Her ser man diverse lapper med mønster og perler strikka inn i lapper.








Trur da blir ein utfordring å sy desse sammen. Har aldri laga eit lappeteppe før. Og som man ser så er lappane dessverre i litt forskjellige størrelser. Dette pga. forskjellig tjukkelse på tråden. Sambuaren min har valgt ut dei fleste fargane eg har brukt. Han har engasjer seg voldsomt i dette prosjektet.




mandag 4. oktober 2010

Do not go gentle into that good night

Dette er eit flott og sterkt dikt. Hadde den hengande på kjøleskapet mitt i ein periode av livet mitt då eg var litt nede. Den fekk meg til å tenka og fokusera framover.


Do not go gentle into that good night,
Old age should burn and rave at close of day;
Rage, rage against the dying of the light.

Though wise men at their end know dark is right,
Because their words had forked no lightning they
Do not go gentle into that good night.

Good men, the last wave by, crying how bright
Their frail deeds might have danced in a green bay,
Rage, rage against the dying of the light.

Wild men who caught and sang the sun in flight,
And learn, too late, they grieved it on its way,
Do not go gentle into that good night.

Grave men, near death, who see with blinding sight
Blind eyes could blaze like meteors and be gay,
Rage, rage against the dying of the light.

And you, my father, there on the sad height,
Curse, bless, me now with your fierce tears, I pray.
Do not go gentle into that good night.
Rage, rage against the dying of the light.

søndag 3. oktober 2010

I mammas hage

Dette flotte treet står i mammas hage. Og kvar høst så ser den slik ut. Raudfarger i mange nyanser. Får skikkelig høstfølelse når eg ser den.  Når eg får meg ein skikkelig hage ein gong så ønsker eg meg eit slikt tre. Kva den heiter veit eg ikkje, må spørra mamma.